Kokk Bjørn Hettervik viste oss også korleis vi kan lage ein salat med tradisjonsost
Salat med tradisjonsost
Lag ein salat med crispisalat, spinat og ruccola, sylta raudbeter og gulrot, vårløk og pultost.
Lag ein dressing på 1 del bringebæreddik, 3 delar nøytral olje. Smak til med bringebærhonning, salt og pepar. Bland alt godt saman i ein bolle.
Kan godt serverast med spekeskinke og nokre bitar tørka lefse.