Historie

Foreldra til Erik, Anny Opedal Fodnes og Geir Harald Fodnes, starta opp med støling på Breiset i 1993.

Garden er ikkje så stor og hadde ikkje gode føresetnader for å drive stort og effektivt, som var og er mantraet for mjølkeprodusentar. Derfor valde dei å starte med stølsdrift og eigenforedling, for å kunne sikre inntektene frå garden. Etter fleire år med prøving og feiling vart stølen rundt tusenårsskiftet godkjend for produksjon og sal av ost, smør og andre tradisjonelle produkt som vart laga på stølane i regionen i tidlegare tider.

Det tok Anny og Geir Harald 15 år å bygge opp stølen, bedrifta og kundegrunnlaget.
For kvar sommar dukka det opp litt fleire kundar, både turistar og lokale. I 2014 vart ysteriet på stølen utvida for å kunne utvikle og auke produksjonen, og for å legge til rette for eit komande generasjonsskifte. Sonen Erik Fodnes og svigerdottera Anna Karoline Ness overtok Strandmo i 2015.

Erik med kyra på garden

På stølslaget Breiset er det ikkje ført fram straum. Eit dieselaggregat sørgjer for straum til mjølking, kjøling og anna teknisk utstyr. Handlag og erfaring styrer likevel mykje av produksjonen. I tillegg er tid, temperatur og pH-måling viktige hjelpemiddel for å oppnå stabil kvalitet gjennom sommaren.

Etter at den nye generasjonen tok over, er Anny og Geir Harald framleis mykje med i det daglege og er gode rådgivarar og samarbeidspartnarar både når det gjeld ysteri og gardsdrift.

Ostenettverk

Vi er med i fleire nettverk og organisasjonar som er viktige for oss. I tillegg har vi vore på ysteribesøk i Noreg og på studieturar til utlandet for å lære og for å utveksle erfaringar. Det er eit godt samhald og ein unik delingskultur mellom osteprodusentar i Noreg. Vi gjer kvarandre gode!

Gardsysteriet

Hausten 2017 stod gardsysteriet klart til bruk. Vi ystar der før og etter stølssesongen. Der lagar vi Gardsrømme, Gardssmør og Pultost av gardsmjølk.

Produkta blir selde i lokale matbutikkar.

Ved og gris

Erik starta så smått med vedproduksjon ved sida av studia alt i 2005.

Med eigna bil og hengar leverer han i dag bjørkeved både til fastbuande og hytter i store delar av Valdres.

I tillegg til ost og ved har vi kvar sommar rundt 100 utegriser.

Anny på gardsysteriet

Erik

Erik er utdanna agronom. Han har teke kurs i Östersund i Sverige: Ysting i småskaligt mejeri. Vidare var han praktikant i halvtanna år i Frankrike, og i denne perioden var han innom to ysteri. Blant anna vart det eit lengre opphald hos ein produsent av osten Reblochon. Erik har òg studert økonomi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

Anna Karoline

Erik møtte Anna Karoline på Ås. Ho har studert husdyrvitskap og pedagogikk ved same universitet. Ho har teke ystekurs ved Kompetansenavet Vest ved Sogn jord- og hagebrukskule i Aurland. Sidan 2014 har ho vore med i stølsdrifta på Breiset.

Anny

Anny har modulkurs i ysting ved Kompetansenavet Vest ved Sogn jord- og hagebrukskule.

Vidare har ho ystekurs arrangert av Eldimner i Östersund: Ysting i småskaligt mejeri, og ho har 25 års erfaring med ysting og koking.

Strandmo - Produksjon og salg av ved

Ved og gris

Erik starta så smått med vedproduksjon ved sida av studia alt i 2005.
Med eigna bil og hengar leverer han i dag bjørkeved både til fastbuande og hytter i store delar av Valdres.

I tillegg til ost og ved har vi kvar sommar rundt 100 utegriser.

Erik

Erik er utdanna agronom. Han har teke kurs i Östersund i Sverige: Ysting i småskaligt mejeri.

Vidare var han praktikant i halvtanna år i Frankrike, og i denne perioden var han innom to ysteri. Blant anna vart det eit lengre opphald hos ein produsent av osten Reblochon.

Erik har òg studert økonomi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

Anna Karoline

Erik møtte Anna Karoline på Ås. Ho har studert husdyrvitskap og pedagogikk ved same universitet.

Ho har teke ystekurs ved Kompetansenavet Vest ved Sogn jord- og hagebrukskule i Aurland.

Sidan 2014 har ho vore med i stølsdrifta på Breiset.

Anny

Anny har modulkurs i ysting ved Kompetansenavet Vest ved Sogn jord- og hagebrukskule.
Vidare har ho ystekurs arrangert av Eldimner i Östersund: Ysting i småskaligt mejeri, og ho har 25 års erfaring med ysting og koking.

Strandmo

Vi har eget utsalg på stølen fra juli til september
Mer om oss
482 36 747
anna.karoline@strandmo.no
Strandmo på Facebook