SERVERINGSTIPS

Pultost til middag

Vi har brukt kotelett av eigen gris, først bruna med salt og pepar i panna og deretter steikt i omnen slik at han forblir saftig og mør.

Fres ei blanding av grønkål, raudkål, gulrot og løk i panna med litt olje, salt, pepar. Bruk eventuelt andre grønsaker du har tilgjengelege. Bama har ein pose som blir kalla grønkålmiks, som er fin å bruke. Strø godt med pultost over til slutt. Ein liten klatt stølsrømme er alltid godt.

Håpar det smakar!

Strnadmo, ikon
Strnadmo, ikon
crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram