Project Description
Pultost av stølsmjølk
Syrna skummamjølk blir varma sakte opp, ostemassen blir drenert og malen i kvern. Deretter skjer ein naturleg gjæringsprosess.
Når pultosten er ferdig, tilset vi salt og karve. Til slutt blir han sett til ettermodning for å få rett smak og konsistens.
Dette er ein av dei eldste metodane vi kjenner til for å lage ost. Pultost har vore viktig forrådsmat spesielt i innlandet heilt sidan vikingtida.
Pultosten er smaksrik, svært haldbar og inneheld mykje protein.
Utmerkingar
Fekk bronsemedalje i World Cheese Award 2018 i Bergen
Fekk gullmedalje under NM i Gardsost 2017