Om sommaren fôrar vi også fram griser på garden. Valdresgrisene frå Strandmo lever det gode livet ute i skogen med fin utsikt over Strøndafjorden. Her kan dei ete seg mette og sløkke tørsten heile døgnet. I tillegg til kraftfôr et valdresgrisene det dei finn av røter, lyng, urter, bær og andre godsaker. Myse frå kvitostproduksjon i ysteriet er òg ei delikatesse som kan bli servert til Nasse Nøff.
Grisene liker godt å sove på dagen, både lenge og ofte, men når dei er vakne, kan dei grave i jorda, rulle seg i gjørmebad og elles leike og kose seg frå juni til oktober. Grisene er arbeidsvillige dyr som grev fram store steinar og djupe røter med stort pågangsmot. Dei er til og med flinke til å felle store tre. Om natta søv dei under tak, i ei tørr halmseng.
To gonger om dagen kjem røktaren for å sjå over flokken. Då blir det som oftast mykje klapp og prat. Røktaren sørgjer for at alle held seg friske og glade. Og som vi veit – ein frisk gris er ein glad gris.
Slik er livet til valdresgrisen. Og slik blir Valdresgrisen frå Strandmo eit kvalitetsprodukt med fyldig og marmorert kjøtt, saftig og rikt på smak.