Pultost av gardsmjølk2019-05-29T14:13:06+01:00

Project Description

Pultost av gardsmjølk

Syrna skummamjølk blir varma sakte opp, ostemassen blir drenert og malen i kvern. Deretter skjer ein naturleg gjæringsprosess.

Når pultosten er ferdig, tilset vi salt og karve. Til slutt blir han sett til ettermodning for å få rett smak og konsistens.

Dette er ein av dei eldste metodane vi kjenner til for å lage ost. Pultost har vore viktig forrådsmat spesielt i innlandet heilt sidan vikingtida. Han er smaksrik, svært haldbar og inneheld mykje protein.

Se alle våre produkter

Serveringstips