Gardsmat

Ysteri, kurv og kjøt frå Valdresgris

Gardsysteriet

Heime på Strandmo har vi bygd oss eit lite ysteri i tilknyting til fjøset.

Det er viktig for oss å bruke fersk upasteurisert mjølk frå eigne dyr, slik at vi på beste måte tek vare på dei naturlege eigenskapane og den gode smaken til mjølka.

Det blir hovudsakleg produsert pultost og gardsrømme på gardsysteriet. I periodar tilbyr vi også Gardssmør. Det å produsere smør er tid- og arbeidskrevjande, og derfor kan vi ikkje lage det heile tida.

På vårparten, før vi flyttar på stølen, ystar vi i gardsysteriet.

Etter at hausten har kome til Breiset og vi har flytta heim, er det ofte mange fine haustdagar her heime. Også då ystar vi på gardsysteriet.

Vi har som mål å yste pultost heilt fram til kyrne blir avsina i januar. Frå januar har kyrne heilt fri fram til kalving i mars og april.

Produkta frå Gardsysteriet får du kjøpt i lokale matbutikkar.

Pultost av gardsmjølk

Strandmokurv

Vi kan tilby to typar kurv. Den eine inneheld storfekjøtt og den andre har både storfe- og fårekjøtt. Fårekjøttet er det Anny og Geir Harald som produserer.

Er du i tvil om kva for ein kurv som er din favoritt?

Besøker du oss på stølen eller på marknad, skal du få smaksprøver.

Kurv frå Valdres - Beskytta geografisk betegnelse

Kurv frå Valdres

Kurv er ei lokal nemning for spekepølse.

Kurv frå Valdres fekk i 2011 tittelen «geografisk beskytta nemning» frå Matmerk. Også Rakfisk frå Valdres er ei beskytta nemning.
Kriteria for å produsere kurv under namnet Kurv frå Valdres er strenge.

I forskrifta er det beskrive kva kurven kan innehalde, krav til produksjon, prøvetaking og tørking.

Kurv frå Valdres skal tørkast naturleg, noko det tørre klimaet i dalføret ligg godt til rette for.

Saman med råvarer og tørkeforhold er den gode bakteriefloraen i foredlingslokala med på å gi kurven den gode smaken.

Kurv fra Strandmo gard

Strandmokurv

Vi kan tilby to typar kurv. Den eine inneheld storfekjøtt og den andre har både storfe- og fårekjøtt. Fårekjøttet er det Anny og Geir Harald som produserer.

Er du i tvil om kva for ein kurv som er din favoritt?
Besøker du oss på stølen eller på marknad, skal du få smaksprøver.

Kurv frå Valdres - Beskytta geografisk betegnelse

Kurv frå Valdres

Kurv er ei lokal nemning for spekepølse.

Kurv frå Valdres fekk i 2011 tittelen «geografisk beskytta nemning» frå Matmerk. Også Rakfisk frå Valdres er ei beskytta nemning.

Kriteria for å produsere kurv under namnet Kurv frå Valdres er strenge. I forskrifta er det beskrive kva kurven kan innehalde, krav til produksjon, prøvetaking og tørking.

Kurv frå Valdres skal tørkast naturleg, noko det tørre klimaet i dalføret ligg godt til rette for. Saman med råvarer og tørkeforhold er den gode bakteriefloraen i foredlingslokala med på å gi kurven den gode smaken.

Valdresgris frå Strandmo

Om sommaren fôrar vi også fram griser på garden. Valdresgrisene frå Strandmo lever det gode livet ute i skogen med fin utsikt over Strøndafjorden. Her kan dei ete seg mette og sløkke tørsten heile døgnet. I tillegg til kraftfôr et valdresgrisene det dei finn av røter, lyng, urter, bær og andre godsaker. Myse frå kvitostproduksjon i ysteriet er òg ei delikatesse som kan bli servert til Nasse Nøff.

Grisene liker godt å sove på dagen, både lenge og ofte, men når dei er vakne, kan dei grave i jorda, rulle seg i gjørmebad og elles leike og kose seg frå juni til oktober. Grisene er arbeidsvillige dyr som grev fram store steinar og djupe røter med stort pågangsmot. Dei er til og med flinke til å felle store tre. Om natta søv dei under tak, i ei tørr halmseng.

To gonger om dagen kjem røktaren for å sjå over flokken. Då blir det som oftast mykje klapp og prat. Røktaren sørgjer for at alle held seg friske og glade. Og som vi veit – ein frisk gris er ein glad gris.

Slik er livet til valdresgrisen. Og slik blir Valdresgrisen frå Strandmo eit kvalitetsprodukt med fyldig og marmorert kjøtt, saftig og rikt på smak.

Valdresgris i halmen

.

Bestille kjøtt

Bestilling av heil eller halv gris innan 1. august for å få kjøtt levert på hausten same år. Vi kan hjelpe til med oppdeling og pakking av stykningsdelar hos godkjend kjøttskjerar.

Stykningsdelar frå grisene våre blir selde hos

 Per Reboli på Leira i Valdres
Joker Vaset, Valdres
Joker Fjellbu i Tisleidalen, Valdres
Angus Gaupset i Kristiansund
Th. Abrahamsen i Larvik
Hole kjøtt i Ålesund

Valdresgris frå Strandmo er å få på haust- og julemenyen hos restaurantane
Real Mat i Oslo
Maneo i Oslo

Komplett liste av forhandlere finner du her

Fornøyde griser på Strandmo gard

Produkter frå garden

2019-05-29T14:16:21+02:00

Strandmokurv

Vi kan tilby to typar kurv. Den eine inneheld storfekjøtt, og den andre har både storfe- og fårekjøtt

2019-05-26T19:03:55+02:00

Gardssmør

Kinna av upasteurisert gardsrømme. Tilsett havsalt. Knadd, forma og pakka for hand.

2019-05-26T16:50:29+02:00

Valdresgris

Valdresgris er eit kvalitetsprodukt med fyldig og marmorert kjøtt, saftig og rikt på smak.

Strandmo

Vi har eget utsalg på stølen fra juli til september
Mer om oss
482 36 747
anna.karoline@strandmo.no
Strandmo på Facebook